Velkomen til Noregs einaste festival for tørrmuring.

Tørrmuring er eit handverk med lange tradisjonar, og som har vore viktig for folk over heile verda. Sjølv om tradisjonar og dialektar i handverket varierer, ville ein tørrmurar frå oldtida sannsynlegvis nikke attkjennande til det arbeidet dagens utøvarar i faget gjer. Prinsippa og arbeidsmetodane er i stor grad dei same no som for tusen år sidan. I 2018 vart tørrmuring innskriven på UNESCO si Representative liste over verdas immaterielle kulturarv.

Frå Fem år med folk og stein, Haakon Aase