Litlebergen steinfest

Bakgrunn

I månadene før tørrmurar Haakon Aase gjekk bort var han, saman med resten av

arrangementskomitéen, i full sving med å planleggja ein tørrmuringsfestival på Litlebergen. Kongstanken til Haakon var kunnskapsformidling og kunnskapsutveksling, men han hadde òg alltid eit sterkt ynskje om, og eit sterk evne til, å knytta folk saman.

Haakon døydde diverre våren 2024 før han fekk oppleva tørrmuringsfestivalen han planla, men Litlebergen Steinfest vart arrangert i hans ånd fyrste gong i august 2025.

Evalueringa frå steinfesten var svært positiv, både frå deltakarar, dugnadsfolk og arrangør/familie. På bakgrunn av dette arrangerer vi no Litlebergen steinfest 2026.

Denne festivalen skal vera ein samlingsplass for folk som har drive med tørrmuring eller har litt erfaring med naturstein. For at kunnskapen om tørrmuring ikkje skal svinna hen, trur vi det er essensielt at vi som driv med dette handverket kan finna saman for å utveksla tankar, kunnskap, frustrasjonar og gleder. Vi skal arbeida og eta saman, men ikkje minst skal vi bli betre kjende. Vi ynskjer å lage band mellom oss som driv med tørrmuring, både med tanke på ein framtidig tørrmuringsorganisasjon, og med eit ynskje om fleire steinfestivalar.

Støttemuren/bakkemuren

Støttemur, forstøtingsmur, bakkemur. Kjært barn har mange namn. Og mange bruksområde. Han kan kontrollera naturkreftene og har sikra folk i bratt terreng og langs elvefar. Støttemuren er ein enkeltvanga mur som har vore brukt til å byggja veg og jernbane, flaumsikring, dam og husmur i bratt terreng. Av alle murtypane er kanskje støttemuren mennesket sin beste ven. I år som i fjor vil vi ta oss tid til å heva det teoretiske kunnskapsnivået vårt. Vi inviterer såleis til program om kveldane. Tema for festivalen i 2025 var steingarden. Hovudtema for kveldsprogrammet i 2026 vert altså støttemuren.

Felles oppgåve

I løpet av dei tre festivaldagane skal vi saman halda fram arbeidet med å setja i stand den gamle steingarden som har markert skiljet mellom innmark og utmark på garden Sunde på Litlebergen. Muren er prega av både flaumskadar og manglande vedlikehald over ei årrekkje. Her trengs både reparasjon og oppbygging frå grunn. Arbeidet på steingarden under festivalen i 2025, synte at ei slik samling av vande og litt mindre vande tørrmurarar gav mange nyttige innspel, ikkje berre til måten å restaurera ein steingard, men òg til læring og diskusjon om tørrmuringsfaget generelt. Så sjølv om vi i år skal sjå nærare på støttemur og bakkemur, har vi vald å fortsetja den praktiske delen av festivalen med den same steingarden som i fjor.

Sosialt samvær

Nytt i år, er at vi første kvelden samlast i «middelhavslandsbyen» Salhus, i samarbeid med Kulturverntenesta ved Museumssenteret i Hordaland. Deltakarane vil få omvising og faglege innlegg mellom (bakke)murar frå ulike tider, før arrangementet held fram med praktisk og teoretisk program på Litlebergen dei følgjande dagane.

Vi legg ikkje skjul på at tiltaket vårt er inspirert av steinfestivalane dei arrangerer borte på dei britiske øyar og i Irland. Vi ynskjer å skapa ei hyggeleg sosial ramme om kveldane med kultur, litt for tunge og gane – og ein god drøs. Der har også eit godt glas øl og ein song sin sjølvsagde plass…

Vi vonar å sjå deg i slutten av august!

Frekhaug 27.04.2026

Arrangementskomitéen

Kristine Fluge, Steven Rowe, Berit Bruvik, Kjersti Aase Winjum, Andreas Haugland, Øyvind Aase Fluge, Åsmund Aase Fluge, og Sivert Aase Fluge.